Sidan krigen i Ukraina starta, har ukrainarar flykta frå landet sitt til Noreg.
Aftenposten skriv at dei har fått nye tal som syner at Utlendingsdirektoratet (UDI) har fått inn 100 219 søknadar om asyl i Noreg.
På UDI sine heimesider er det ei auke i menn 18–22 år som kjem til landet. Dette kan ha samanheng med at dei i denne aldersgruppa no kan forlate Ukraina lovleg.
Kort forklart
Ukraina erklærte seg som eit sjølvstendig land då Sovjetunionen fall i 1991. Sidan det har landet styra seg sjølv.

I 2014 utfordra Russland grensene til Ukraina, då dei tok over halvøya Krim. Ukraina hadde ønske om å bli medlem i NATO, noko Russland såg på som ein trugsel.
24. februar 2022 invaderte Russland Ukraina.






















