Rødøy kommune: Best i Noreg

Unicef kom med tal frå ei undersøking om kvar i Noreg det er best for barn å leve.

Ei undersøking frå Unicef viser kva kommunar i Noreg som er best på barn. Her er det barnehage, skule, barnevern, helse og kultur som blir rangert.

Kommunen som kom ut heilt på topp, er Rødøy kommune. Rødøy ligg i Nordland fylke og har i overkant av 1100 innbyggjarar.

RØDØY KOMMUNE: Rødøy er merka i raudt her. Polarsirkelen går gjennom denne kommunen. Foto: NordNordWest | Wikimedia Commons

Gjennomsnittleg skårar kommunane 59,3 poeng. Rødøy har 76,3, og er dermed på toppen av lista.

I eit intervju med NRK, fortalde 10.-klassingen Ole Dahle Tellnes at det ikkje har vore så mykje trøbbel i kommunen.

– Det er ikkje så mykje folk, og alle kjenner alle. Det har vore ganske bra å vakse opp her, seier han i intervjuet.