I 1904 vart grensa mellom Kambodsja og Thailand flytta. Frankrike var stormakt og protektorat for Kambodsja.
Eit protektorat er ulikt frå ein koloni, då ein koloni er eit land som blir styra av eit anna land. Eit protektorat har eit sjølvstyre, men blir kontrollert på nokre område av eit anna land.
Frankrike bestemte på dette tidspunktet at grenseområdet Preah Vihear skulle tilhøyre Siam, dåtidas namn på Thailand. Dette vart endra tilbake berre tre år seinare, i 1907.

Preah Vihear-tempelet
Den internasjonale domstolen i Haag, som tilhøyrer FN, vart bedt av Kambodsja om å hjelpe å bestemme kva for eit land Preah Vihear skulle tilhøyre.
Domstolen bestemte at området skulle tilhøyre Kambodsja i 1962. Begge landa meiner at sidan området har tilhøyrt dei, så bør det gjere det igjen, og difor har ikkje Thailand vore einig i domstolen si avgjersle.

No er det berre ei veke sidan Thailand stoppa prosessen om ein fredsavtale då ei landmine skada fire thailandske soldatar.
Eskalering
Situasjonen på grensa kom til slag i 2008, og varte heilt til 2011. 35 soldatar og fem sivile døydde grunna den fysiske konflikten.
I juli i år gjekk konflikten over i eit femdagars angrep. 43 menneske vart drepne og 300 000 menneske vart fordrivne.
Malaysia og USA greip inn og fekk ein våpenkvile på plass 29. juli.
Dei to landa signerte ein fredsavtale i starten av oktober, men nyleg vart fire thailandske soldatar skada av ei landmine.
No har Thailand sett fredsavtalen på vent, og rapportar om skotveksling langs grensa kjem frå begge land, skriv the Guardian.
Artikkelen er ein del av prosjektet vårt «Krig og fred», og er støtta av Fritt Ord.





















