111 000 edderkoppar funne i grotte

I ei grotte på grensa mellom Hellas og Albania har forskarar oppdaga noko heilt spesielt: eit enormt spindelvev som dekker eit område på heile 106 kvadratmeter – nesten som eit lite hus!

Det mest utrulege er at over 111 000 edderkoppar bur i nettet. Det er første gong forskarar har funne så mange edderkoppar som deler same spindelvev, skriv NRK.

Edderkoppane høyrer til to forskjellige artar, noko som er veldig sjeldan. Vanlegvis held dei seg for seg sjølve, men her har dei klart å samarbeida. Forskarane trur at dei spesielle forholda i grotta – som er mørk, fuktig og full av svovel – har gjort dette mogleg.

Dei ekstreme tilhøva kan ha fått dei to artane til å leva side om side, ifølgje forskaren István Urák, som har studert funnet.