Ein av verdas giftigaste edderkoppar på rømmen i Austerrike

Ein supermarknad i Austerrike måtte stenge i tre dagar fordi ein supergiftig edderkopp hadde gøymt seg i ei bananeske.

Dei ekstra giftige edderkoppane lever i tropiske og subtropiske område. Men det hender dei snik seg med i bananesker som blir frakta. Det var det som skjedde i Austerrike.

I supermarknaden var det ein tilsett som oppdaga ein edderkopp med omkrins på cirka 10 centimeter då han opna ei banankasse. Skildringa passa ein brasiliansk vassedderkopp, som er blant dei giftigaste edderkoppane i verda.

På rømmen

Butikken stengde raskt dørene, kasta alle bananane og tilkalla hjelp. Dei tilsette i butikken, brannfolk, edderkoppekspertar og reinhaldsekspertar leita etter edderkoppen i tre dagar – men fann den ikkje.

Alle edderkoppar har gift, men berre nokre få kan drepa menneske med eit bit. I Noreg finst det ikkje farlege edderkoppar.

Det var NTB som fyrst omtala saka