Fakta om jaguaren:
- Lever i Sør- og Mellom-Amerika, mest i Amazonas.
- Er det tredje største kattedyret i verda – berre løva og tigeren er større.
- Har det kraftigaste bitet av alle kattedyr.
- Et alt frå fisk og fugl til skjelpadder og små pattedyr.
- Namnet «jaguar» kjem frå eit ord som betyr «den som drep i eitt sprang».
- Er god til å symja og elskar vatn.
Kjelde: Ung.forskning.no, WWF Verdens Naturfond.
Forskarar i Brasil fekk seg ei overrasking då dei oppdaga ein hannjaguar på ei øy midt i ein stor innsjø. Den same jaguaren var tidlegare sett på fastlandet, over éin kilometer unna.
For å komma seg dit, måtte han ha sumt – minst 1 270 meter, kanskje heilt opp mot 2,3 kilometer, ifølgje Ung.Forskning.no.
– Dette er ny rekord for jaguarar, seier forskarane.
Jaguaren er det største kattedyret i Amerika og lever i tropiske område i Sør- og Mellom-Amerika. Han er kjend for å vera sterk, men også for å lika vatn – noko som skil han frå mange andre kattar.
Tryggare område
Forskarar trur jaguaren sumde til øya for å jakta eller finne eit tryggare område. Den nye symjerekorden viser at store elvar og innsjøar ikkje nødvendigvis stoppar den mektige katten.
Men sjølv om jaguarar er gode symjarar, er arten nær trua. Store delar av regnskogen blir hogd ned, og det blir stadig vanskelegare for dei å finna store leveområde.
– Jaguaren treng store område med natur for å overleva, seier forskarane.






















