Fakta om gåsehud:
- Kvart hår på huda har ein liten muskel som kan trekkja seg saman. Når musklane trekkjer seg saman, blir huda stramma rundt hårsekken og håret reiser seg.
- Denne mekanismen stammar frå då menneska hadde pels, og hjelpte med å isolera mot kulde.
- Me har omtrent like mange hårsekker som sjimpansar, sjølv om mykje av håret har forsvunne.
- Gåsehud kan også komma av emosjonelle opplevingar som musikk, skrekk eller sterke kjensler.
Kjelde
Når me blir kalde, eller når noko skremmer oss, skjer det noko rart på huda: små musklar trekkjer seg saman, håra strittar opp, og me får gåsehud.
Kvart hår på kroppen vår har nemleg ein liten muskel festa til seg. Når denne muskelen trekkjer seg saman, strammar huda rundt hårsekken, og håret reiser seg, skriv Ung.forskning.no.
Kunne varma kroppen
Dette kan verka mystisk i dag – me har jo nesten ikkje pels lenger – men gåsehuda stammar frå ei tid då forfedrane våre hadde mykje meir pels. Då gjorde denne reaksjonen ein forskjell. Når håra stod opp, vart pelsen «meir luftig», og det danna seg eit lite luftlag som kunne varma kroppen betre.
Evolusjonsbiolog Kjetil Lysne Voje seier til Ung.forskning.no at gåsehud er som eit ekko frå fortida:
– Det er ei påminning OM at me er dyr og at me levde heilt annleis tilbake i tid, seier HAN.
Sjølv om me no er nesten hårlause, har me framleis omtrent like mange hårsekkar som sjimpansar.
Alarm i kroppen
Men gåsehuda kjem ikkje berre fordi me frys. Den kan òg komma når noko bevegar oss – til dømes når me høyrer vakker musikk, ser noko rørande eller blir skremde. Då blir kroppen sitt alarmsystem aktivert. Det er det same systemet som reagerer når det er kaldt.






















