Viss folk kastar mykje plast i sjøen eller i elvar og naturen så bør dei få bøter. Viss ikkje, så kjem sikkert sjøen til å vere fult av plast og det kan skade og drepe dyr eller dei kan bli skadde når dei et plast.
Eg vil at det skal bli billegare i butikken. Viss butikkane får dyrare prisar, så må dei vaksne få meir lønn.
Eg vil få meir medisinar for sjukdommar eller viss du er sjuk så kan nokon medisinar hjelpe litt.
Eg vil ha fleire butikkar på øyar. For viss nokon bur på ei øy, så er det kjempelangt til ein butikk.
Eg vil at skular, SFO og barnehage skal vere gratis for eg vil at dei som ikkje har råd til skule og sånt også får lære.
Eg vil at bedrifter skal slutte å sprenge øyar og fjell.
Eg vil at politiet skal bli strengare på straffer viss det har skjedd noko ulovleg, for eksempel viss nokon drep nokon eller stel eller slåst alvorleg.






















