Kvart år kjem det nye julefilmar, og i år kan du sjå animasjonsfilmen Reisen mot Nord på kino. Den norske barnefilmen er basert på eventyret Snødrønninga av den danske forfattaren H.C. Andersen.
Leikekamerat på avvegar
Gerda (Hennie Vanay-Almaas) er ei lita, snill jente som bur saman med mora og bestemora i København. Ho leikar med bestekameraten Kai (Kasper Holt Ekeberg), og dei to gler seg til jul.
Då Kai blir kidnappa av den vonde Snødronninga (Katrine Blomstrand), trur dei vaksne at han har døydd. Gerda veit derimot at han er i live. Med hjelp av den beskyttande engelen Lilly (Camilla Vandvik Leira) legg ho ut på ein lang og farleg reise for å redde Kai frå Snødronninga sitt rike i nord.

Ut på tur
På reisa møter ho både snille og slemme folk, og filmen har mange overraskingar.
H.C. Andersen sine eventyr er ofte litt triste og skumle, men i filmen er Snødronninga nesten blitt ein morosam karakter, rett og slett fordi ho er så slem. Det kjem klart fram kvar gong ho kranglar med lærlingen sin, Ludvig (Aslak Maurstad). Eg trur filmen hadde vore betre om han haldt på det skumle og mystiske i eventyret.

Stil, smak og behag
Eg er heller ikkje så begeistra for korleis menneska i filmen ser ut, fordi andleta ikkje viser så mykje kjensler. Resten av filmen ser derimot veldig fin ut, både i dei julepynta gatene i København og den ville naturen som Gerda si reise går gjennom. Det er også mange søte, morosame dyr.

Filmen er ikkje så spennande og kreativ som han kunne ha vore, med tanke på eventyret han er basert på, men det er mykje god julestemning og eventyrlyst i han.
Alt i alt, trur eg at Reisen mot Nord kan bli eit godt kinominne for både born og foreldra deira.
Terningkast: 4


















