Statsminister for ein dag: – Eg ville ha gjort glutenfritt billigare

Thea Oline Gamlem i 7. klasse på Søvik skule skriv om kva ho ville gjort viss ho var statsminister i ein dag.

Denne teksten og fleire andre tekstar kjem frå 7. klasse ved Søvik skule som vann skrivekonkurransen til Framtida Junior: Statsminister for ein dag.

Matprisar

Hadde eg vert statsminister for ein dag ville eg ha senka prisane for alt frukt og grønt. Det er alt for dyrt. Eg ville også ha gjort glutenfritt billigare. Det kostar så masse pengar for glutenfritt mjøl, brød, rundstykke og ja, eigentleg alt glutenfritt.

Skule

Eg vil at barn på skulen skal ha meir fritid, barn må vakne tidleg på morgon, mange timar på skulen, også lekse etter det igjen! La oss sove lenger og sleppe lekser!

Dyr

Eg vil at dei som skader dyr skal få straff. Stakkars dyr som ikkje har gjort noko, skal bli slått og sparka. Dei som skader dyr med vilje bør få anten bot eller fengselsstraff.

Eg hadde også gjort det ulovleg å ha dyr som kaniner, marsvin, hamster, chinchilla, undulat i dyrebutikkar. Dyrebutikkane gir desse dyra så lite plass og blir ikkje bra nok behandla. Dei blir tatt inn i små glasbur som dei ikkje kan springe i ein gong!

Eg hadde bygd opp fleire adopsjonplassar for dyr. Det er mange som ikkje klarer å ta vare på dyra sine og får ikkje selt eller gitt dei vekk, då er det dårleg for dyra at dei må bu med nokon som ikkje kan passe på dei og gi dei det dei treng.

Miljø

Eg hadde fått tilbake plastikksugerør og skeier. For å vera heilt ærlig trur ikkje eg det har gjort verda noko spesielt reinare. Eg hadde heller gjort det lettare for folk å kaste dei i staden boset i staden for å kaste dei på bakken. Som for eksempel gi tilgang til fleire bossdunkar rundt om kring, og ha tilsett folk som går rundt i byane og plukkar boss. Eg hadde også tilsett nokon som ryddar på strendene.

Aktivitetar

Det er mange barn som ikkje får lov å starte på noko aktivitetar for det er for dyrt, derfor har eg lyst å gi pengar til fritidsaktivitetar sånn at folk kan få lov å begynne på sportar gratis. Det er bra for barn sin helse og dei kan få nye vennar.

Det hadde vore min dag som statsminister.