Det er resultatet som undersøkinga til SSB, Norsk mediebarometer, har kome fram til.
Nordmenn frå 9 år og oppover har svara på undersøkinga. Her viser det seg at det er dei 9–15 år som les mest. Av alle 9–15-åringar som var med, las 35 prosent av dei kvar dag i 2024.
Dei som les mest etter dei yngste, er dei eldste. Dei frå 80 år og oppover las like mykje som 9–15-åringane, og av dei i alderen 67–79 las 33 prosent i ei bok kvar dag.
I 2024 las 9–15-åringane gjennomsnittleg 19 minuttar kvar dag!



















