Kvart femte barn lever i krig eller konflikt

Ikkje sidan andre verdskrigen har så mange barn levd i krig og konflikt som i fjor.

520 millionar barn levde i eit aktivt konfliktområde i 2024, viser den nye rapporten til Redd Barna om barn i krig. Det er så mykje som kvart femte barn i verda.

Talet på barn som lever i konfliktområde har auka med 60 prosent sidan 2010, ifølgje Redd Barna.

Rekordmange krigar og konfliktar

I 2024 var det 61 væpna konfliktar i 36 land, ifølgje ein rapport frå Institutt for fredsforskning i Oslo. Det er det høgaste talet på 70 år.

Krig og konflikt tok i fjor rundt 129 000 liv, og 2024 blei dermed det fjerde dødelegaste året sidan slutten på den kalde krigen i 1989.

Flest liv gjekk tapt i Ukraina-krigen.

Krev fredsplan

Redd Barna oppmodar alle land til å satsa meir på fredsarbeid som fremjar ikkje-valdelege løysingar.

I Noreg meiner Redd Barna at minst ti øre av kvar krone som blir brukt på Forsvaret, bør gå til ein langtidsplan for fred.

LES OGSÅ: FN feirar 80 år: Jobbar for å løysa verdas største problem

Artikkelen er ein del av prosjektet vårt «Krig og fred», og er støtta av Fritt Ord.