Statsminister for ein dag!

Hei! Eg heiter Eilert. Eg skal vera statsminister for ein dag. Bli med meg då!

Denne teksten og fleire andre tekstar kjem frå 7. klasse ved Søvik skule som vann skrivekonkurransen til Framtida Junior: Ein dag som statsminister.

Det første eg hadde gjort som statsminister, er sikkert å laga meg ein stor og søt kopp med kakao. Det synest eg er kjempegodt! På veg til Stortinget stoppar eg på matbutikken og kjøper litt godteri, ikkje for mykje, men ikkje for lite heller.

Då eg endeleg kom fram til Stortinget hadde eg eit morgonmøte. Det gjekk fint! På morgonmøtet snakka vi om korleis dagen skal sjå ut. Og det var eit møte om litt, så vi gjorde oss klare. Då vi gjekk for å ha møte med dei andre partia, så var dei litt sure og slitne. Men då eg kasta litt godteri rundt om i rommet, så vakna dei!

Me tok og snakka om mange små ting, men det me snakka mest om var rus. For me veit at mange i alderen 14-17 begynner å bruka stoff og drikke alkohol. Det synest eg som statsminister er dumt! Alle dei andre partia var einige!

Så me sat oss ned og byrja og sjå kva det gjorde med skulemiljøet. For me fann ut med hjelp av anonym undersøking at mange synest skulen er skummel, og kjenner på press til og byrja med stoff og alkohol.

Då byrja me og prøve og sjå om det går an og forhindra press for og ta stoff og drikka alkohol. Då kom Sylvi Listhaug på noko. Kva viss me gjer at skulen har vakter som søkjer gjennom folk sine sekkar og ser om dei finn noko stoff eller alkohol. Det synst me var vore verdt eit forsøk! Så no er det på prøve rundt om i Noreg.

Så kom Arild Hermstad på noko, han synest at naturen var så sjukt masse søppel i. Så då ville han senda fengselsinnsette til skogen og rydde. Det syntest vi var både positivt for dei insette som får frisk luft, og naturen som blir ryddig!

Då møtet var ferdig, så hadde klokka bikka ni. Då syntest eg det var perfekt tid til og ete litt godteri som hadde blitt hardt av å sitje på kontorbenken min i ein heile dag! Det var ikkje så godt, så eg reiste på butikken og kjøpte nytt! Det var min dag som statsminister.