Jubelen stod i taket då klassen vann skrivekonkurransen

7. klasse ved Søvik skule i Haram kommune vann skrivekonkurransen til Framtida Junior – «statsminister for ein dag».

– Det var kjempegøy å vinna, seier Thea (12) og Sofie (12) frå 7. klasse ved Søvik skule på videomøte med Framtida Junior.

Klassen likte skriveoppgåva statsminister for ein dag.

– Eg likar det at me fekk bestemma. Det er så gøy å vera med på å bestemma. Eg er litt engasjert, og har meiningar om ting også, seier Sofie.

Dersom dei hadde fått snakka med Jonas Gahr Støre, så hadde jentene sagt ifrå om kva dei ville ha endra.

– Me som er framtida!

Elevane seier det er viktig at barn blir høyrt på.

– Det er veldig viktig fordi det er me som skal styra i framtida, og det er viktig at barn har det bra. Det er me som er framtida, understrekar Thea.

Begge jentene er gode i fotball og håpar å bli fotballspelarar i framtida. No spelar dei på Ravn/Nordborg.

– Draumen er å spela på Tottenham, seier dei.

Stor konkurranse

Kring 200 elevar frå heile landet var med i skrivekonkurransen til Framtida Junior. 7.-klassen ved Søvik skule vann 1500 kroner i premie.

Søvik-elevane har lyst til å bruka pengane på noko kjekt som snacks og snop og kanskje spara til ein klassetur til ein hoppepark.

Juryen seier dette om vinnaren:

«Klassevinnaren i skrivekonkurransen til Framtida Junior har skrive engasjerte, varierte og svært gode tekstar om ein dag som statsminister. Fleire av tekstane gjev levande skildringar av korleis ein slik dag ville vera og mange tar opp viktige saker for framtida. I sterk konkurranse med 13 klassar og kring 200 tekstar med høgt nivå frå heile Noreg, vann Søvik skule skrivekonkurransen til Framtida Junior».