– Robbie krasjar nesten alltid med eit tre som heiter Mars. Naboen lurer litt på kvifor eg stoppar og snakkar med roboten, seier Tuva, og ler. Ho går i sjuandeklasse på Tjødnalio skule på Stord.
Inne i huset til familien har dei ein gamal støvsugar-robot som ho ikkje likar.
– Han verkar veldig dårleg. Han vekker dei andre, og avslører meg når eg står opp midt på natta for å drikka sjokolademjølk, seier Tuva.
– Kva skulle du likt å ha ein robot til?
– Det hadde vore veldig kjekt å ha ein som kunne bera meg til skulebussen, ler Tuva.

Dennis Traa (12) tenkjer at det sikkert hadde vore gøy med ein robotvenn som aldri kranglar.
– Men det hadde vore litt rart òg, sidan det er ein robot og ikkje eit menneske med følelsar og meiningar.
Før hadde familien hans ein robot som heitte Robert, men no har dei byta han ut med ein som heiter Roberto.
Ein venn som aldri kranglar
Klassevenninna Ella Rimestad Vik (12) synest det hadde vore kjekt å ha ein robot til venn.
– Men det hadde vore litt rart og merkeleg òg. Han ville sikkert gjort alt eg ville likt å gjera, og alltid vore einig med meg. Det hadde vore litt rart å vera nokon du aldri krangla med og ikkje lett å koma på nye idear.
Sjølv har dei ein støvsugarrobot heime som heiter Ingebjørg.






















