– Responsen har vore heilt overveldande. Eg hadde aldri i min villaste fantasi venta så mykje merksemd rundt dette, seier doktorstipendiat Juan Pablo López Cervantes til NRK.
Han har leidd forskingsprosjektet frå Universitetet i Bergen, som har sett på korleis røyking i tidleg alder påverkar helsa til eventuelle kommande generasjonar.
7 til 52 år
Forskarane ved Universitetet i Bergen har analysert blodprøvar og spørjeskjema frå 892 deltakarar i alderen 7 til 52 år og samanlikna kronologisk alder med biologisk aldring. Kronologisk alder er kor mange år du har levd. Det er kor mange lys du har på bursdagskaka di. Biologisk alder handlar om kor “gamal” kroppen din eigentleg er inni seg.
Resultata viser at fedre som starta å røykja i ung alder (ofte før eller rundt puberteten) hadde barn som biologisk sett var omtrent ni månader til eitt år «eldre» enn sin faktiske alder, samanlikna med barn av fedre som ikkje røykte så tidleg.
Påverkar sædcellene
Gutar som røykjer i puberteten kan altså umedvite skada dei potensielle barna dei får seinare i livet – anten det er snakk om røyking av og til, eller fast røyking.
Skaden oppstår etter alt å dømma fordi tidleg røyking kan påverka sædcellene på eit epigenetisk nivå. Det betyr at sædcellene får endringar som blir overførte vidare til barna.
Forskarane ser ikkje bort frå at også snus og e-sigarettar kan påverka sædcellene. Dette vil dei forska videre på.






















