FN og Verdsbanken seier at mykje av framgangen kjem av at fleire barn får gå på skule, får vaksinar, og at økonomien har vakse i mange fattige land – særleg i Asia.
Men framleis lever 412 millionar barn i ekstrem fattigdom, og i Afrika sør for Sahara er situasjonen framleis alvorleg. Ekstrem fattigdom betyr å ha så lite pengar at ein ikkje har råd til det aller mest nødvendige for å overleva.
Eit politisk val
– Det er eit politisk val å få ein slutt på barnefattigdom, seier George Laryea-Adjei frå UNICEF til Verdens Beste Nyheter.
– Me skal arbeida raskare for å sikra at alle barn får tilgang til utdanning, ernæring, helseomsorg og sosialt vern, legg han til.
Ernæring betyr å få nok og rett mat slik at kroppen held seg frisk.






















