Framtidajunior Nyhende FN feirar 80 år: Jobbar for å løysa verdas største problem

FN feirar 80 år: Jobbar for å løysa verdas største problem

Dei sameinte nasjonane – FN – blei oppretta 24. oktober 1945 for å hindra ein ny verdskrig.

FN blei starta berre nokre månader etter slutten på verdskrigen, då to  og to atombomber blei sleppte over Japan. Den viktigaste jobben til FN er å sikra fred og tryggleik i verda. I dag er 193 statar medlem av FN.

Dei siste 80 åra har FN klart å forhindra ein ny verdenskrig, og bidratt til at både barn og vaksne har fått fleire rettar og skapt meir samarbeid mellom land – på grunn av spelereglane som har FN har skapt.

For eit lite land som Noreg betyr det mykje at store land følgjer reglar som gjeld for alle land i verda. FN lagar det me kallar «folkeretten», og passar på at desse reglane blei følgde.

Folkeretten er reglar som gjeld mellom land, og har reglar både for fred og krig. Menneskerettane er ein del av folkeretten, derfor gjeld han også for enkeltpersonar.

Utanfor hovudkvarteret til FN står ikkje-valds-skulturen til den svenske kunstnaren Carl Fredrik Reuterswärd. Den viser at FN jobbar for fred. Foto: Hazzy, CC BY-SA-lisens

Samarbeider om å løysa store problem

FN hjelper menneske som flyktar frå krig. FN jobbar for alle menneskes rettar og fridom, uansett kva kjønn, språk eller religion dei har.

FN jobbar for å løysa dei største problema i verda, til dømes fattigdom, svolt, klimaendringar og skadar på natur og miljø.

FN-landa har blitt samde om 17 berekraftmål for å utrydda fattigdom, kjempa mot ulikskap og stoppa klimaendringane innan 2030.

Soldatar frå fredstryggingsstyrken til FN på Haiti i 2010. FN har soldatar fleire stader i verda som sikrar at det er fred. Foto: MCCS Spike Call, Public Domain

LES MEIR: Kva er FN sine berekraftmål?

Feirar over heile verda

FN vart grunnlagt 24. oktober 1945. Kvart år blir 24. oktober markert som FN-dagen over heile verda. I år er det 80 år sidan starten, og dermed ein heilt spesiell dag.

QUIZ: Kva veit du om FN?

FN-sambandet og TV Skole/Elevkanalen har laga ei videosending om verdas spelereglar, og kvifor desse reglane er viktige for deg og for meg. Sjå under:

Artikkelen er ein del av prosjektet vårt «Krig og fred», og er støtta av Fritt Ord.

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

Bok eller film – kva er best?

Mange filmar er basert på bøker. Men er boka eller filmen best? Olive, Salomon og Åshild deler sine tankar om bøker som har vorte filmar og kva dei meiner må til for at filmen skal bli like bra som boka.

VIDEOAR