Divali: Lyset sigra over mørket

Divali ein lysfest for fleire trussamfunn, og vert feira i tre netter på rad. Divali starta 20. oktober.

Lysfesten blir markert til ære for fleire av hinduismens gudar. Gudinna Lakshmi er ein av dei.

Lakshmi vert ønska velkomen inn i heimen ved at dører vert heldt opne og lys vert tent som velkomst til gudinna.

KASHMIR: Her tenner turistar på besøk i indisk kontrollerte Kashmir oljelamper under divali. Foto: AP Photo | Mukhtar Khan

Men det er ikkje berre hinduismen som feirar denne lysfesten. Sikhisme og jainisme markerer òg desse dagane, på bakgrunn av ulike forteljingar.

Det dei alle har til felles, er at dagen markerer lyset sin siger over mørket.

For nokre nordlege delar av India er divali nyttårsaftan, og dagen etter blir første dag i eit nytt år.

KINAPUTTAR: Folk brukar kinaputtar for å feire lysfesten Divali. Biletet er frå Ahmedabad i India. Foto: AP Photo | Ajit Solanki

Sette verdsrekord

Under lysfesten seier det seg sjølv at det må vere mykje lys. Men i år slo dei alle rekordar. Til og med verdsrekorden.

2,61 millionar oljelamper vart tende i den indiske byen Ayodhya dagen før Divali. Dermed slo dei rekorden som vart sett under førre feiring av divali.

VERDSREKORD: På kvelden før Divali, lyste 2,61 millionar oljelamper langs Saryuelva i Ayodhya i India. Her vart verdsrekorden for verdas største samling av oljelamper tatt. Foto: AP Photo | Rajesh Kumar Singh