Skrivekonkurranse: Krig og fred

Framtida Junior lyser ut ein skrivekonkurranse til alle barneskular, med fine premiar.

Skriv eit lesarbrev om fred – og kva du meiner om at det er krig i verda.

Det er lurt å velja ut eitt tema som du skriv om. Tips til tema å skriva om:

• Skriv ei brev til Putin, Trump, Støre eller ein annan verdsleiar og forklar kva du meiner dei bør gjera for å få fred i verda!

• Verda brukte i fjor 27.000 milliardar kroner på militæret. Kva ville skjedd om alle våpen og alle krigar blei fjerna? Kva kunne pengane heller blitt brukte på?

• Skriv om ein fredshelt! Skriv om nokon som har gjort ein ekstra innsats for fred.

• Skriv om kva innsats barn kan gjera for å hjelpa dei som har opplevd eller opplever krig i dag.

Frist for å levera er 5. desember.

Premiar: 1. premie: 1500 kroner til klassen og klassesett av Framtida Junior til vinnarklassen. Me trekk ut t-skjorte og andre premiar til minst fem deltakarar i konkurransen!

Krav:

– Teksten må vera mellom 100 og 400 ord.
– Teksten må vera på nynorsk for å bli med i trekkinga av premiar. Om ikkje alt er rett, så går det fint! Me hjelper til med rettskrivinga på dei tekstane som blir publiserte!

Innsending

Send teksten kopiert inn i ein e-post til framtidajunior@gmail.com. Læraren kan gjerne senda alle tekstar frå klassen samla.

Skriv «Skrivekonkurranse – Krig og fred» i emnefeltet.

Hugs namnet ditt, kva skule du går på og telefonnummer til ein av foreldra dine!

Skrivekonkurransen er ein del av prosjektet vårt «Krig og fred», og er støtta av Fritt Ord.