Med tre skrekkforteljingar dela i småskremt, skremt og vettskremt, har dei òg eit eige spel på Fortnite-plattformen.
Spelet heiter Villmarkens Forbannelser (Curse of the Wilderness på engelsk) og har forbindelse til showet ved same namn. Showet er anbefalt for dei frå 10 år og oppover. På Fortnite er aldersgrensa sett til 12 år.

Slo rekorden sin
Skumle dager har ikkje hatt så mange gjestar før. Dei slo fjorårets rekord med over 6000 menneske. Totalt kom 68 732 på besøk i haustferievekene.
Marknads- og kommunikasjonsdirektør Anniken Bjørnstad Schjøtt er fornøgd med både mottakinga av spelet og besøkstalet.
– Vi er heilt overtydde om at kombinasjonen av unike historieforteljingar, nære møte med karakterar og eit spektakulært finaleshow har vore avgjerande for suksessen, seier ho.
