Luiza har hovudrolla i ny julefilm

Familiefilmen Stargate - En julefortelling har premiere fredag 17. oktober. Luiza Idrizi (10) spelar rolla som Ronja, ei jente med ein vanskeleg barndom.

Filmen som straks er å sjå på kino kringom i Noreg tar opp ein vanskeleg familiesituasjon. Faren til Ronja og systera Melissa er alkoholikar, og han drar ofte på pubben «Stargate».

Melissa blir spela av skodespelar Anna D. Sverrisdóttir (17). Ho tar på seg ansvaret for heimen.

Det største ho har gjort

Luiza var berre ni år då ho spela inn filmen i februar i 2024. Dette er den første filmen ho har vore med i.

– Eg har vore med i ein julereklame før, men ikkje noko så stort som dette, seier ho til Framtida Junior.

Ho vart spurt om å kome inn på audition, sidan ho har ein skodespelarprofil på nett frå før.

– Eg var på audition, så vart eg kalla inn til ein audition til, og så ein til, så møtte eg dei forskjellege skodespelarane, og så fekk eg rolla, seier ho om reisa til å få spele Ronja.

Tøft arbeid

– Korleis var det å jobbe med dei vaksne skodespelarane?

– Det var veldig gøy, men det var nokre scener eg synest var litt rare. For eksempel med Bartek, for eg var ikkje vande med å sjå han spele full, seier Luiza.

FAMILIEN: Luiza Idrizi saman med Anna D. Sverrisdóttir som spelar storesyster og Bartek Kaminski som spelar pappa. Foto: Daniel McStay | Motlys/SF Norge

Bartek Kaminski spelar faren til Ronja og Melissa i filmen.

– Var det enklare å spele at ting var ubehageleg, fordi det var litt ubehageleg?

– Ja, det var jo ikkje lett å spele, men det vart lettare når det faktisk var litt sånn … ubehageleg, seier Luiza.

Ho nemner òg fine scener ho fekk spele inn, som når Ronja pynta faren sin som eit juletre.

Folk grein i salen

Luiza såg filmen for første gong på eit lite lerret. Første gong ho såg den på kino, så var opplevinga annleis.

– Det vart finare å sjå filmen. Det var andre folk i salen enn berre meg, mamma, pappa og systera mi, seier ho.

Foto: Daniel McStay | Motlys/SF Norge

Reaksjonane i salen er òg noko ho legg merke til.

– Det var folk som grein. Og det er jo ein trist og fin og morosam film, så det er litt av kvart, seier ho om reaksjonane frå publikum.

No skal ho sjå førpremieren i Moss. Då skal alle frå handballaget vere med og sjå.

– Eg gruar meg eigentleg litt, seier ho med eit nervøst smil. Det er første gong utanom familie at folk ho kjenner skal sjå filmen.

Trur filmen kan hjelpe

Stargate – En julefortelling har ei viktig handling. Filmen viser fram at ikkje alle har det så bra, òg i høgtidene. Sjølv om det er vanskeleg tema, så er det ein film barn kan sjå saman med familiane sine. Rettleiande aldersgrense er 9 år.

Som 10-åring sjølv, meiner Luiza at filmen er spesielt viktig å sjå for dei som har det vanskeleg heime.

– Dei som opplever å ha det sånn, kanskje det hjelper for dei å sjå korleis Ronja taklar det, seier ho.

Luiza seier at å spele Ronja var både lett og vanskeleg.

Foto: Daniel McStay | Motlys/SF Norge

– Når ting var vanskeleg fekk eg veldig god hjelp av alle som var på sett. Det var fint, fortel ho.

– Følte du at du vart godt ivaretatt?

– Ja, alle passa på meg heile tida, ler ho.

Filmen har noregspremiere fredag 17. oktober og er regissert av Ida Sagmo Tvedte, som òg har vore regissør for Snøfall og Stjernestøv.