Låtskrivarar får betalt for KI-trening

I Sverige skal det bli rettferdig når kunstig intelligens brukar musikk. No får låtskrivarar pengar viss songane deira blir brukte til å trena KI-program.

I Sverige har organisasjonen STIM lansert ein ny lisens for kunstig intelligens (KI). Denne lisensen gjer det mogleg for KI-firma å bruka songar i KI-trening, men berre dersom låtskrivarane får betalt for det.

Mange er redde for at KI skal stela idear frå menneske utan å seia frå. No lovar Sverige at det skal vera rettferdig, skriv Reuters.