Egmont Norge: Supermegagigagøyal sjanse til å ete godteri

Egmont Norge, no ein del av MegabigTM, har gjort det heilt galne: Dei ber barn mellom 8 og 14 år om å søkje på stillinga som deira aller øvste sjef.

Barnet som søkjer jobben vil ha arbeidsoppgåver som å kommandere dei tilsette, ha beina på bordet og ete kake og godteri.

Dette blir gjort i anledning OD-dagen, altso Operasjon Dagsverk, ein dag der barn og unge reiser på jobb i staden for skule for å skaffe pengar til ulike gode formål.

I år skal pengane støtte ungdom i Kenya og Tanzania og jobbe for å endre skadelege skikkar som barneekteskap. Heimesida deira oppmodar til dette: «Oppfør deg uskikkeleg».

Ei ny bok

Ikkje berre passar kontorovertakinga med OD-dagen sitt bodskap om å oppføre seg uskikkeleg, men ei ny teikneseriebok kjem ut samtidig: Supermegagigasjefen av Kristoffer Kjølberg. I boka vert vesle Alf sjef for verdas største selskap, MegabigTM.

Illustrasjon: Kristoffer Kjølberg

Sjefskontoret

Som sjef i Egmont Norge (no samanslått selskapet MegabigTM) får du ditt heilt eige, svære kontor. Her seier dei at du skal få vilja di. Det kan bli spanande å oppføre seg uskikkeleg her.

Frå bak desken seier MegabigTM at du kan beordre tilsette til å bjeffe som hundar eller bruke dei som levande papirfly-blinkar.

SJEFSKONTOR: Mon tru om det er slik kontoret til administrerande direktør faktisk ser ut? Illustrasjon: Kristoffer Kjølberg