Fleire overlever blodkreft med stamcelletransplantasjon

Behandling av blodkreft er blitt tryggare, og fleire blir kurert for kreftforma.

Kva er stamceller?
  • Menneskekroppen er bygd opp av celler. Vi består av mellom 30 og 40 billionar celler. Éin billion har tolv nullar bak seg: 1.000.000.000.000
  • Stamceller er celler som kan dele seg i to, der den eine forblir stamcelle, medan den andre kan bli til ei anna type celle, som ei blodcelle. Stamcelletransplantasjon er ein måte å hente ut stamceller frå ein frisk person til ein sjuk person, til dømes ein som har blodkreft.
LES FAKTALUKK FAKTA

Transplantasjon av stamceller kan føre til at pasientar med akutt blodkreft lever lenger eller blir kurert, skriv NTB.

Det kjem fram i ein studie publisert i Tidsskrift for Den norske legeforening.

Delen som overlever fem år etter stamcelletransplantasjon har auka frå 48 til 63 prosent sidan 2005. Behandlinga har òg blitt tryggare.