Denne saka vart først publisert hjå systeravisa vår, Framtida.no.
10 000 av Syria sine rundt 25 millionar innbyggarar var plukka ut til å stemme i valet.
Fleirtalet av desse var plukka ut av regjeringa og stemmer fram to tredelar av medlemmane i parlamentet, som skal bestå av 210 medlemmar. 70 av medlemmane vert direkte utpeikt av noverande president Ahmed al-Sharaa, ifølgje CNN.
Ahmed al-Sharaa er ein tidlegare jihadist som har kjempa med terrorgruppa al-Qaida. Jihadist er ein som krigar for det han trur på. Men sidan 2010 har Ahmed al-Sharaa vore meir villig til å samarbeide med land over heile verda, og haldningane hans er blitt mindre ekstreme.
7 av 210 er kvinner
Valet har fått kritikk for å ikkje vere fritt, og at grupper i mindretal er dårleg representert. Berre sju kvinner er stemt fram av veljarane, noko som gjer at al-Sharaa må utnemne fleire kvinner om Syria skal nå målsettinga si om 20 prosent kvinner i parlamentet.
Dei nye leiarane av landet skal lage eit forslag til ny grunnlov og førebu eit direkte val i neste periode.