Trump: – Ein stor dag for verda

USAs president Donald Trump seier at Israel og Hamas har blitt einige om første del av ein fredsplan for Gaza.

– Eg er svært stolt over å kunngjera at både Israel og Hamas har godkjent den første fasen av vår fredsplan, skriv Trump på Truth Social natt til torsdag.

Kunngjeringa til Trump kjem to dagar etter toårsdagen for Hamas’ angrep på Israel, som utløyste krigen i Gaza.

Avtalen skal vera forhandla fram i Egypt, med hjelp frå Qatar, Egypt og Tyrkia. Den handlar om våpenkvile, utveksling av fangar og naudhjelp til Gaza, skriv NRK. Ifølgje Trump betyr avtalen at alle gislane skal frigjevast, og at Israel skal trekka styrkane sine tilbake som eit første steg mot fred.

– Dette er ein stor dag for verda. Ein gledas dag for alle, seier Trump til nyheitsbyrået Reuters.

Den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu kallar avtalen «ein stor dag for Israel».
– Eg takka Trump for hans leiarskap, hans samarbeid og urokkelege engasjement for Israels tryggleik og fridommen til våre gislar, seier Netanyahu ifølgje Reuters.

Trump seier at han planlegg å reise til Midtausten for å følgje opp avtalen.