Framtida Junior prata med Thomas Hansen, sjef for data og kunstig intelligens i Forsvaret. Det er hans jobb å sørge for at Noreg er best mogleg førebudd på ei framtid der datamaskiner tenkjer nesten som menneske.
– KI kan samle informasjon frå dronar til eit slags «superkart» som gjer det lettare å forstå ein vanskeleg situasjon. For dei som driv med vedlikehald av fly, kan KI lytte på ein motor og seie ifrå før noko blir øydelagt, slik at ein kan fikse det i tide, fortel Thomas.
KI kan fungere som ein supersmart rådgjevar, nesten som ein sjakkmaskin som foreslår dei beste trekka.

Menneske har ansvaret
Men KI-en får aldri ta den endelege avgjersla sjølv. Det er alltid eit menneske som er sjefen og har ansvaret.
– I krigens reglar er det alltid eit menneske som har ansvaret til slutt. Ein datamaskin har ikkje samvit. Utfordringa er at ikkje alle fiendar kjem til å følgje dei same reglane som oss, seier Thomas.
Då kan det bli vanskeleg å balansere mellom menneskeleg ansvar og å halde Noreg trygt.
– Om vi må forsvare Noreg mot ein fiende som lar datamaskina angripe automatisk, så må vi vere raske og samtidig følgje våre reglar. Det er ein risiko vi må handtere, forklarer Thomas.
Drøymescenario
KI har kome langt. Kvar utviklinga skal gå, er ikkje heilt lett å vite, men Thomas har ein tanke om kva målet bør vere.
– Drøymescenarioet er å bruke KI på ein trygg måte for å oppnå tre ting: Fortare få eit betre oversiktsbilete enn fienden, gjere jobben mindre farleg for soldatar, og frigjere tid frå keisame oppgåver, slik at folka våre kan vere meir kreative, forklarar han.
Kunstig intelligens er ikkje uslåeleg
KI er smart, men ikkje så smart, meiner Thomas. Erfaringar frå krigen i Ukraina viser at han kan bli lurt.
– Eit døme er ein sensor som er trena opp til å kjenne att ei spesiell type stridsvogn. Viss du legg ei presenning over ho eller endrar litt på forma, så forstår ikkje KI-en lenger kva han ser på, seier Thomas.