Tom Holland, som spelar Spider-Man, er kjend for å ville prøve å gjere sine eigne stunts. Men ein dag på sett skal det ha skore seg då skodespelaren skada seg. Filminga vart stoppa og Holland vart sendt til sjukehus for ei lettare hjerneristing, ifølgje nettavisa Deadline, men han vart ikkje innlagd.
Holland er forventa å kome tilbake til settet ganske raskt, og har sjølv informert at han føler seg betre gjennom Instagram. Ingen andre vart skada under stuntet.
«Spider-Man: Brand New Day» er den sjuande filmen i MCU (Marvel Cinematic Universe) der Holland spelar den spindelvevsvingande superhelten.