Verdsrekord: Heldt pusten i nesten 30 minutt

Tenk deg å halda pusten i nesten ein halvtime! Det klarte fridykkaren Vitomir Maričić i sommar. Han sette ny verdsrekord då han låg heilt stille i eit basseng utan å pusta på 29 minutt og 3 sekund.

Ein fridykkar er ein som dykkar under vatn utan å ha med seg luft på tank. Dei pustar berre inn før dei hoppar uti, og så held dei pusten så lenge dei klarar. Vitomir pustar først inn reint oksygen – det er luft som nesten berre inneheld oksygen. Då får kroppen ein ekstra «reserve» som kan brukast medan han held pusten.

VERDSREKORD: Fridykkaren Vitomir Maričić har øvd lenge på å halda pusten under vatn. Foto: Skjermdump / YouTube / Vitomir Maričić

Kroppen fekk det tøft

Etter 20 minutt fortalde Vitomir at det gjekk betre, fordi han trudde på at han kunne klara rekorden. Men kroppen hans fekk det tøft: han fekk vondt i hovudet og veldig mykje karbondioksid (CO₂) samla seg opp i blodet. CO₂ er ei gass som kroppen lagar når vi brukar oksygen til energi. Då ropar kroppen eigentleg: «No må du pusta!»

Å halda pusten så lenge er ikkje noko ein kan gjera utan øving. Kroppen må trenast opp til å tola mykje CO₂ og halde seg roleg lenge. Fridykkarar brukar også teknikkar som liknar på meditasjon for å slappa av i kroppen.

Aldri prøv sjølv

Dette er veldig farleg om du ikkje er ein erfaren fridykkar med ekspertar rundt deg. Du kan svima av under vatn og kvelast.

Kroppen kan bli skada. Ein må ha både medisinsk kunnskap og tryggleik rundt seg for å prøva.

Forskarar synest det er spennande å sjå korleis kroppen klarar ekstreme ting. Dei lærer meir om lungene, blodet og hjarta når dei undersøker fridykkarar. Nokre menneske, som lever ved havet og dykkar ofte, har eigne kroppslege eigenskapar som gjer dei flinke til å halda pusten.

BASSENGET: Her vart rekorden sett. Foto: Skjermdump / YouTube / Vitomir Maričić