Russiske utøvarar har vore utestengde frå mange idrettar sidan krigen mot Ukraina starta i 2022.
IOC har tidlegare sagt at utøvarar frå Russland og Belarus (eit land som støttar Russland i krigen) kan delta som nøytrale dersom dei oppfyller nokre strenge krav, skriv NRK. Dette skjedde også under sommar-OL i Paris i 2024.
Å konkurrera under nøytralt flagg betyr at dei ikkje får bruka sitt eige lands flagg, nasjonalsong eller andre symbol frå Russland.
For å få delta må utøvarane:
- Ha gått gjennom nok dopingtestar (testar som sjekkar at ein ikkje har brukt ulovlege stoff for å bli betre i idrett).
- Ikkje ha støtta krigen i Ukraina.
- Ikkje ha koplingar til militæret.
– Me har ei eiga gruppe som sjekkar dei som blir melde på. Me syntest det var mest rettferdig å behalda reglane slik dei var i Paris, sa IOC-president Kirsty Coventry på ein pressekonferanse fredag.
Vinter-OL blir arrangert i byane Milano og Cortina d’Ampezzo i Italia frå 6. til 22. februar 2026.