– Veldig, veldig glad for sigeren i valet

AUF-medlem Aurora Eggum Talleraas (15) har stått på stands, deltatt på valtorg, prata med folk og verva medlemmar. Ho er strålande nøgd med at Jonas Gahr Støre får halda fram som statsminister.

– Eg er veldig glad for at det blei resultatet. Me er mange som har jobba for det, fortel Aurora Eggum Talleraas frå Sogndal. Ho har vore med i Sogndal og Luster AUF sidan i vår.

Aurora Eggum Talleraas (15) synest det er veldig lærerikt å vera med i ungdomsparti. Foto: Privat

– Eg blei veldig interessert i politikk i fjor. Det var nokre venner av meg som var med i AUF som spurte om eg ville vera med.

Lært mykje

– Det er veldig kjekt å vera med i AUF. Eg har fått mange nye venner, vore med på sommarleir på Utøya, vore med på arrangement og lært mykje som du ikkje lærer på skulen, fortel Aurora.

– Kva har du lært?

– Eg har lært om politikk, samfunnet og korleis det er i verda rundt oss.

Aurora Eggum Talleraas på sommarleir på Utøya i sommar. Foto: Privat

Tatt godt vare på

Aurora fortel at ho blir tatt godt vare på av dei eldre medlemmane i AUF.

– Dei prøver å få oss yngre med på det som skjer. Og så er det spennande å høyra frå dei om deira erfaringar.

LES OGSÅ: Berre eitt ungdomsparti har inga nedre aldersgrense for å bli medlem

På sommarleiren til AUF på Utøya blei Arbeidarparti-politikarar utfordra av mange i AUF. Arkivfoto: Åshild Slåen, Framtida.no