I kåringa danka Lady Gaga ut superstjerner som Beyoncé, Taylor Swift og Kendrick Lamar. Også The Weeknd og Bad Bunny var nominerte. Publikum stemte fram vinnaren, skriv NRK.
Lady Gaga, som eigentleg heiter Stefani Joanne Angelina Germanotta, takka fansen sin frå scena.
– Eg klarer ikkje å setja ord på kva det betyr å bli påskjøna for å vera artist, å bli påskjøna for noko som allereie er så givande i seg sjølv, sa ho i takketalen.
Det var NTB som fyrst omtala saka.