– Me følgjer lova, slik at alle som er yngre enn 15 år må ha godkjenning av foreldra, fortel Jan Halvor Vaag Endrerud, generalsekretær i AUF til Framtida Junior. AUF er det einaste ungdomspartiet som ikkje har noko nedre aldersgrense for å vera med.
I Noreg har alle organisasjonsfridom frå dei er 15 år. Då bestemmer du heilt sjølv. Frå 13 år kan du melda deg inn med samtykke frå foreldra dine. Er du under 13 år, så kan foreldra dine melda deg inn i ein organisasjon. Men dei fleste ungdomspartia har aldersgrense på 13 år.
For fleire tiår sidan fekk ungdomspartia støtte frå staten etter kor mange medlemmar dei var, men no er det talet på stemmer på moderpartia i stortingsvalet som bestemmer kor mykje støtte ungdomspartia får.
Dette er aldersgrensa i andre ungdomsparti:
Grøn Ungdom: Det året du fyller 12 år
Unge Venstre: 12 år
Raud Ungdom: Frå året du fyller 13 år
FpU: 13 år
Senterungdommen: 13 år
Sosialistisk ungdom: 13 år
Unge Høgre: 13 år
Medlemstal fødd i 2010 eller seinare:
AUF: 315
FpU: ca 200
Sosialistisk Ungdom: 125
Unge Høgre: 48
Grøn ungdom: 47
Unge Venstre: 36
Senterungdommen: 23
Framtidajunior.no har kontakta KrFU og Raud Ungdom, men har ikkje fått svar frå dei enno.
Les også: Klokka 00.00 på 13-årsdagen sin melde Petra seg inn i Unge Høgre
