FAKTA OM FPU
I FpU må ein vera 13 år gammal for å vera medlem.
FpU har kring 200 medlemmer mellom 13 og 15 år (altså fødd i 2010 eller seinare).
Framtida Junior snakkar med dei dagen etter at FpU vann skulevalet med 26 prosent av røystene.
– Me var på valvake i Bergen, og det var full fest. Ei blanding av lette og eufori, fortel Teodor Mettälä-Larsson.
No håpar han på ei blå-blå regjering med Sylvi Listhaug som statsminister.
– Men vil ho bli statsminister, då? Ho har jo ikkje sagt ja til at ho er statsministerkandidat?
– Eg er så lei det! stønnar Teodor. Men det er ikkje Sylvi han er lei, men heller journalistane som masar om det same:
– Viss dei høyrer etter kva ho seier, om at det er naturleg at det største partiet får statsministeren, så vil dei skjøna at det er Sylvi som skal bli statsministeren viss Frp blir størst på blå side.
Personleg fridom – og mindre skatt
Teodor Mettälä-Larsson frå Stord har alltid vore engasjert, og for halvtanna år sidan melde han seg inn i FpU.
– Eg tok fleire valomatar, og las meg opp på fleire partiprogram, og landa til slutt på FpU, seier den unge stordabuen som går i 10.-klasse på Nysæter ungdomsskule.
For han er betre forsvar og politi og skattepolitikken viktige saker.
– Eg melde meg for eitt år sidan inn fordi eg meinte regjeringa førte ein idiotisk politikk, særleg når det gjeld innvandring og skatt, og fordi dei tar vekk enkeltpersonen sin fridom, seier Simen Skarpnes Røyrøy frå Fitjar. No satsar han på å bli politikar.

– Smart val
No har begge 15-åringane blitt styremedlemmar i Sunnhordland FpU.
– Det er veldig kjekt å vera med. Du får venner som jobbar med eit felles mål, og du lærer korleis du kan formulera deg, seier Simen.
15-åringane er blant dei yngre i ungdomspartiet, men seier at dei eldre er veldig inkluderande.
– Å melda meg inn i FpU er noko av det smartaste eg har gjort, seier Teodor.
Simen oppmodar andre til å melda seg inn i ungdomspartiet som dei er mest einig med.
– Ta nokre valomatar og les deg litt opp, rådar han.
Maia Søe Paulsen, generalsekretær i Framstegspartiets Ungdom seier til Framtida Junior at medlemmar av eit ungdomsparti får ein god fellesskap og gode venner.
– Samtidig som ein deltek i samfunnsdebatten og får ei forståing av samfunnet på ein heilt annan måte enn gjennom skulegang. Engasjert ungdom er også ettertrakta i arbeidsmarknaden, som kan gi ein stor fordel seinare i livet, seier ho.