– Eg hadde med meg éi jakke. Og meg sjølv. Det var alt eg hadde, seier Victoria.
Vi møtest i Lillestrøm på bokhandelen Bookdragons. Her fortel Victoria om den aller første sumaren då ho var medlem av Senterungdommen.
Bestemte seg på danskebåten
Faren til Victoria var kommunal- og distriktsminister frå april 2022 til oktober 2023. Sidan ho såg kor mykje han jobba, tenkte Victoria eigentleg at ho ikkje ville bli politikar.
Men det endra seg då ungdomspartia kom på besøk til skulen hennar, og ho såg at dei bestod av folk som ikkje var noko særleg eldre enn ho.
– Då skjønte eg at det var folk på min eigen alder som var interesserte i politikk, seier ho.
I sumarferien året ho vart 13, tok ho valet. På danskebåten spurde ho faren om ho kunne melde seg inn.
– Han berre «JA!», og så spurde han meg om eg faktisk ville det, og at det ikkje skulle vere noko press frå han, sa ho.
Oppblåsbare flamingoar i regnvêr
Då medlemskapet var i boks, ville Victoria oppleve det Senterungdommen hadde å by på.
– Eg spurde pappa om det var noko som skjedde no. Då sa han at det sumarleir om ei veke, seier ho.
Som minister, skulle faren ha ei velkomsttale for medlemane, og Victoria vart med han, med plan om å reise heim att same dag.

– Det var medan uvêret «Hans» heldt på i Møre og Romsdal. Då vi kom dit var det første eg såg oppblåsbare flamingoar og diskokuler. Eg berre, «det pøsregnar, kva er dette for noko?» fortel Victoria.
I tillegg såg ho at fleire hadde på seg lei – ein blomsterkrans som ein heng om halsen og stammar frå Hawaii.
– Eg syns det verka litt rart, men også kjempegøy, for eg hadde aldri sett noko sånt, seier ho.
Jakke, mobil og ladar
Under talen til faren hennar, vart ho vinka bort til nokre jenter. Dei lurte på kven ho var. Då dei fekk vite at ho var medlem, men ikkje hadde meldt seg på sumarleiren, spurde dei om ho ikkje skulle bli.
– Greia var at eg hadde berre forventa å vere der ein dag, så eg hadde med meg jakke, mobil og meg sjølv, seier Victoria.
Men med litt planlegging, skulle det la seg gjere.
– Eg fekk ein mobilladar, og tilgang på kortet mitt på mobilen. Det var det eg hadde, medan andre hadde koffertar og sekkar. Dei hadde førebudd seg i fleire månadar, seier ho.
– Det var jo litt skummelt, eg kjende ingen, men alle var så imøtekomande, og eg følte meg godt ivaretatt.
Skapte nye venskap
Med ulike turneringar, som fotball, og debattskulering, vart Victoria kjent med deltakarane som var på sumarleiren.
– Vi var ikkje meir enn 40, for det var ein del som ikkje kom seg til sumarleiren grunna «Hans», men alle saman vart kjent, og det var kjempekoseleg, seier ho.

Medlemane i Senterungdommen er 13–30 år gamle, så det er eit ganske stort aldersspenn. Men alder er ikkje noko problem.
– Korleis var det å snakke med dei forskjellige medlemmane?
– Eg hadde jo aldri møtt så mange unge på eitt sted som brydde seg om politikk. Eg blei kjempesjokkert, men eg syntest det var kjempegøy, seier Victoria.
Nesten alle ho møtte på den første sumarleiren er folk ho framleis kjenner.
– Eg angrar ikkje eitt sekund på at eg blei igjen der, seier Victoria.

- LES OGSÅ: May (13) vil bli statsminister