Klokka 00.00 på 13-årsdagen sin melde Petra seg inn i Unge Høgre

Dei fleste ungsomspartia har 13-årsgrense for å melda seg inn. No håpar Petra Bergheim-Heier på at dei borgarlege partia vinn stortingsvalet.

– Eg har vore engasjert og har diskutert politikk heime så lenge eg kan hugsa. Storebroren min og mamma er også veldig engasjert, så eg har krangla mykje med dei. Sjølv om eg er mykje yngre enn broren min, så synest han ofte eg har gode argument, fortel Petra (13) frå Hadeland, ein time nord for Oslo. Broren, Hans Heier, er fylkesleiar i Innlandet Unge Høgre.

– Eg syntest det var så gøy å diskutera at eg ville melde meg inn då eg var 11, men det er ikkje lov å melda seg inn før ein er 13 år – noko eg synest er litt teit. Så eg ble meldt inn klokka 00.00 1. august i år på bursdagen min, fortel Petra.

Får møta masse hyggelege folk

Petra blei med i Unge Høgre for å læra meir om politikk og fordi ho syntest det virka veldig gøy å vera med.

– Det aller beste med å vera medlem i Unge Høgre er å diskutera politikk med andre som er engasjerte og møta nye folk.

– Som medlem er eg med på skulebesøk, skulering i politikk, står på stand med «vaksenhøgre», et masse pizza og får møta masse hyggelege folk! Eg er heilt sikker på at Unge Høgre har dei hyggelegaste medlemmane, så eg vil anbefala alle saman å bli medlem.

– Sjølv om eg er blant dei yngste medlemmene, så føler eg at eg blir veldig godt tatt vare på av dei andre medlemmane, seier Petra.

Litt rart å vera yngst

Sjølv om ho er blant dei yngste medlemmene, så føler ho at ho blir veldig godt tatt vare på av dei andre medlemmane.

– Det er litt rart å vera yngst, men det er ein del andre som også er ganske unge, det er mange 10. klassingar.

Ved utgangen av august har Unge Høgre 48 medlemmar som går på ungdomsskulen, ifølgje Una Fadum Aune, organisasjonsrådgjevar i Unge Høgre.

Håpar på Erna

Petra er engasjert i stortingsvalet.

– Eg håpar borgarleg side vinn og at Høgre blir større enn dei er på målingane nå og at Erna blir statsminister. Eg tror det er viktig at folk får halda på meir av sine eigne pengar, særleg no når ting har blitt så dyrt. Eg har vore med litt på skulevalkampen og det har eg syntest har vore veldig gøy! Skuledebattane er jo eigentleg berre for vidaregåande, men viss ein står på stand for Unge Høgre så får ein sjå debatten også, avsluttar ho.