Tomatkrig i Spania

I byen Buñol i Spania kasta 22.000 menneske 120 tonn tomatar på kvarandre førre veke! Dei gjorde det for å feira den berømte Tomatina-festivalen, som i år hadde 80-års jubileum.

Festivalen starta i 1945 då nokre barn kasta tomatar på kvarandre. Seinare vart det forbod mot festivalen, men folket protesterte – og no kjem folk frå heile verda for å vera med.

Foto: AP Photo/Alberto Saiz

Kan ikkje etast

Tomatane som blir kasta er ikkje etande. Dei blir dyrka berre for festivalen. Før kampane startar, blir bygga dekt med presenningar, og det er berre éin regel: Tomaten skal klemmast flat før han blir kasta, så ingen blir skadd.

Mange brukar svømmebriller og øyreproppar for å verna seg mot det raude kaoset.

Foto: AP Photo/Alberto Saiz