K-pop-jenter som jagar demonar har sett rekord på Netflix

Animasjonsfilmen «KPop Demon Hunters» har blitt ein kjempesuksess på Netflix. Filmen ligg på toppen av lista over dei mest sette filmane for tiande veka på rad.

Ifølgje NRK er det den mest sette Netflix-filmen nokon gong, med over 236 millionar visningar.

I filmen møter vi ei jentegruppe som syng K-pop – ein type popmusikk frå Sør-Korea som har blitt populær over heile verda. Samtidig som jentene opptrer på scenen, må dei også slåst mot demonar og redde verda.

Filmen er ein animasjon, altså ein teiknefilm der figurane er laga på data i staden for å vere ekte skodespelarar.