Slik kjem du i Guinness rekordbok

Veit du eigentleg kva som skal til for å setje ein ekte verdsrekord? Her skal du få nokre gode tips!

Du har heilt sikkert bladd i Guinness rekordbok ein eller annan gong. Kanskje har du tenkt at desse folka er litt sprø – kanskje har du tenkt at du ein gong skal få namnet ditt på trykk i boka.

Askeladden

Studenten Marcus Sørfossmo (23) har ei ekte Guinness-historie å dele.

Det heile starta då romkameratane såg kor fort Marcus kunne ete. Dei byrja å tulle med at han måtte vere den nye Askeladden.

Marcus og vennene var svært nøye med å visa vekt og tid på video, for at Guinness skulle godkjenna rekordforsøket. Foto: Privat

– Me lurte på om det faktisk fanst ein rekord for graut-eting – og det gjorde det! seier han.

Gjengen tok kontakt med Guinness World Records, og det viste seg at det var fullt mogleg å prøve å slå den gamle rekorden.

Oppskrift på rekord

Slik gjekk Marcus og gjengen fram:

  • Fyrst sjekka dei den gamle rekorden på nettsida guinnessworldrecords.com, som var på 557 gram graut på 1 minutt.
  • Så sende dei inn ein søknad om å få prøve å slå den gamle rekorden.
  • Etter ein månad fekk dei svar med ei grundig forklaring på korleis forsøket måtte gjennomførast.
  • Sidan dei ikkje hadde råd til at det skulle komme ein offisiell representant frå Guinness for å vere vitne, måtte dei fikse bevis for at rekorden var ekte sjølv.

– Me samla mange vitne, og filma heile forsøket. Alt blei delt i sosiale medium.

Her er beviset på at Marcus klarte å setja verdsrekord i grauteting. Foto: Privat

Etterpå samla dei saman videoar, bilde, underskrifter av vitne, og sende alt inn til Guinnes.

– Guinness fortalde at heile 60 % av forsøka ikkje blir godkjende, så me var veldig nøye.
To veker seinare fekk dei svar: Marcus var offisielt verdsmeister i graut-eting! Han hadde ete 675 gram graut på 1 minutt.

Det tar på å eta så mykje graut på eitt minutt, sjølv for Marcus. Foto: Privat

Prøv sjølv!

– Eg hadde aldri trudd eg kom til å bli verdsmeister i noko. Det heile starta som ein spøk, seie Marcus.

No oppmodar han alle til å prøve å setje ein rekord. Det finst så mange morosame og kreative rekordar der ute, sjansen er stor for at det finst ein som passar akkurat deg.

Og viss du ikkje finn den perfekte rekorden – lag din eigen!

Treng du inspirasjon? Her har du nokre idear:

  • Set så mange post-it-lappar du klarer på ein person på 30 sekund.
  • Kle på deg flest mogleg T-skjorter på eitt minutt.
  • Skrell og et tre appelsinar så raskt du kan.
  • Sorter så mange sokkar du klarer på 30 sekund.
  • Snurr rundt på ein stol så mange gonger du klarer på 30 sekund.
  • Blås verdas største tyggegummiboble.

NB! No er det alt ein som har slått Marcus sin rekord: Andre Ortolf frå Tyskland. Men Marcus ligg ikkje på latsida. Under deltaking på Norske talenter åt han heile 1,6kg graut på 1 minutt! Han ventar i skrivande stund på godkjenning av den nye rekorden.