Litauen skal læra 8-åringar å byggja dronar som beredskap

Myndigheitene vil læra barn heilt ned i 8-årsalderen korleis byggja og fly dronar.

Denne saka vart først publisert hjå systeravisa vår, Framtida.no.

Tysdag denne veka gav myndigheitene i Litauen melding om at forsvaret og skulen går saman for å læra 22 000 litauarar opp i å byggja og fly dronar, melder The Guardian og fleire andre internasjonale medium.

Tiltaket skal styrke den sivile beredskapen med tanke på Russland. I sommar har det nemleg kome dronar inn i Litauen som ein mistenkjer kjem frå Russland.

Leia av skyttarforbundet

I Litauen satsar dei no stort på droneteknologi og vil bruka nærare 40 millionar norske kroner på droneutstyr og system. Allereie i september opnar kontrollsenter i tre litauiske byar, medan seks fleire treningssenter skal opna dei neste tre åra.

Planen er å auka den tekniske kompetansen og at 15 000 vaksne og 7000 barn skal få droneopplæring innan 2028.

Treninga av dei yngste skal gjennomførast utanom ordinær undervisning av Litauens skyttarforbund.

– Dei yngste deltakarane vil gjennomføra enkel dronebygging og -manøvrering gjennom leik og eksperiment. Ungdomsskuleelevar vil læra grunnleggjande programmering saman med innandørs dronemanøvrering og -bygging, seier Tomas Godliauskas, viseminister for forsvarsdepartementet i Litauen.