Bombene som utsletta to byar i Japan

For 80 år sidan vart Hiroshima jamna med jorda. Berre tre dagar seinare vart ei ny bombe sleppt over Nagasaki.

6. august markerer 80 år sidan den amerikanske atombomba «Little Boy» eksploderte utover byen Hiroshima. Dette blir markert fleire stader, som i Hiroshima og i Oslo.

Det skjedde 6. og 9. august i 1945. Hitler og Tyskland var overvunne, og andre verdskrigen var over i Europa. Men Japan, som hadde alliert seg med Tyskland, var framleis ein krigsfiende av USA og Storbritannia.

Total øydelegging

For å få ein slutt på krigen, bestemte dåverande president av USA, Harry Truman, for å ta i bruk atomvåpen. Japan fekk ei åtvaring – dei måtte overgje seg, eller så ville dei møte rask og total øydelegging.

Etter elleve dagar sleppte USA atombomba med kallenamn «Little Boy» over Hiroshima. På få minutt døydde rundt 80 000 menneske.

HIROSHIMA ETTER BOMBA: Biletet vart tatt same dag som atombomba slo ned i Hiroshima. Byen er nesten heilt jamna med jorda. Foto: U.S. Navy Public Affairs Resources Website | Wikimedia Commons

Ein historieprofessor på tida kom seg opp i høgda for å sjå utover Hiroshima. Han fortel at ingen ord kunne skildre korleis han følte seg. «Hiroshima eksisterte ikkje,» fortel han som overlevande vitne.

Tre dagar seinare, 9. august, trefte atombomba «Fat Man» Nagasaki. Japan overgav seg 14. august.

Situasjonen i dag

Etter krigen braut ut mellom Ukraina og Russland i 2022, har trugselen om bruk av atomvåpen blitt styrka. Russland har tidlegare skrive under på ein avtale om at dei aldri skulle bruke atomvåpen i krig, med mindre dei sjølv vart angripne med atomvåpen.

Men i november i fjor skreiv presidenten i Russland, Vladimir Putin, under på ein ny avtale som seier at dei kan bruke atomvåpen som forsvar dersom dei blir angripne av konvensjonelle våpen. Med konvensjonelle våpen meiner ein våpen som ikkje fører til masseøydelegging og ofte blir brukt i krig. Til dømes tanks og gevær.

NY ATOMAVTALE: Russland sin president, Vladimir Putin, underteikna i november i fjor ein ny avtale som senkar terskelen for å bruke atomvåpen. Foto: Pressetenesta til presidenten av den russiske føderasjon | Wikimedia Commons

Nobels fredspris

Det er meir snakk om bruk av atomvåpen no enn det var før krigen i Ukraina starta. Men mange jobbar mot bruk av atomvåpen.

Organisasjonen Nihon Hidankyo er skapt av dei som overlevde i Hiroshima og Nagasaki, og dei blir lagt merke til. I fjor vann dei Nobels fredspris for arbeidet dei gjer for å stanse bruk av atomvåpen.

Dei fortel sine historier og held minnet ferskt om skadane som kom av atombombinga i Japan.

OVERLEVANDE: (f.v.) Terumi Tanaka, Shigemitsu Tanaka og Toshiyuki Mimaki representerer Nihon Hidankyo ved Nobels fredsprisseremonien i Oslo. Alle tre overlevde atombombe i Hiroshima eller Nagasaki. Foto: Jay Dixit | Wikimedia