Den store draumen min er å reisa til Hawaii! Eg har sett mange fine youtube-videoar av Hawaii, og den øya verkar heilt fantastisk! Det ser ut som det er kjempefint å surfa der, og det er palmetre og varmt i vêret.
Eg likar best å bada i det varme boblebassenet vårt, for det er varmt og godt. Men eg har bada mange gonger her heima òg, men kvar gong er det er ei pina å koma seg uti det kalde vatnet!
Så draumen min er å reisa til eit varmare land som Hawaii, men det er berre éin ting som gjer dette umogleg. Det er dessverre altfor dyrt for familien min å reisa til denne fine øygruppa vest for Amerika.
Eit kjempegodt alternativ
Men, då eg gjekk i 3.klasse, reiste familien min til Mikkelparken i Kinsarvik i Hardanger. Eg syntest ikkje det høyrest så gøy ut, men eg måtte jo vera med då heile familien skulle på ferie der.
Eg sov i bilen på veg fram. Det var sol og fint vêr då me kom fram. Foreldra mine hadde bestilt ei hytte som me skulle bu i tre dagar.
Eg vart litt overraska då eg såg meg rundt. Det var slags fritidspark med mange aktivitetar. Det var minigolf, sklier, ei slags and med pedalar som me kunne sykla på.
´Det vart faktisk ein grådig kjekk ferieoppleving, så dersom de som les dette, heller ikkje har råd til å reisa til øyer langt ute i Stillehavet, så er Mikkelparken eit kjempegodt alternativ. I alle fall for de av dykk som bur på Vestlandet.
Les om fleire sommarfavorittar i skrivekonkurransen til Framtidajunior.no her!