Om sommaren likar eg å køyre båt. Då må eg ha på meg godt med kle og flytevest. Eg likar og veldig godt sjøen. Å bade og dra tube. Eg likar veldig godt å bade i Feirvika.
Eg likar veldig godt å fiske også. Eg likar å grille og fare på holmetur og finne krabbe. Eg likar å fiske krabbe. Eg likar å hoppe på trampoline attmed vennar og eg likar å spele fotball.
I tillegg likar eg veldig godt når heile familien reiser på ferie til Frankrike og Spania. Det området eg likar best å reise til er Sør-Frankrike nede ved kysten av den franske riviera. Vi har vore i Antibes, Nice, Juan-les-Pins. Der er det både gamle byar med torg og mange restaurantar. Det eg likar best å ete er pizza, pasta og burgar.
Eg likar å vere med dyra mine. Eg har tre kaninar den eine heiter Rolleif og Milli og den minste heiter Bethie. Eg har ein katt som heiter Balto. Han er veldig kosete og veldig rar og morosam også. Eg er veldig glad i han. Eg likar å vere på besøk med Sebastian storebroren min. Han har tre maine coon kattar og dei er veldig kosete og veldig leikne.
Denne teksten var med i skrivekonkurransen Sommarfavorittar. Les om fleire sommarfavorittar her!