Likar å dykka i elva – såg laks på 140 cm!

Hilde (11) frå Ogna skule skriv om kor kjekt det er å bada om sommaren.

Om sommaren syntest eg det er aller gildast å bada i ferskvatn, for det er vondt å få saltvatn i augene. Det er gildt å dykka for å sjå dyrelivet i vatnet, spesielt å sjå store fiskar som gøymer seg under steinar og i elvegras.

Eg plar å dykka med faren min i elva, som me eig ein del av. Der har me sett ein laks som var cirka 140 cm. Då var lillesøstra mi cirka like stor som fisken. Gildt, men litt skummelt å sjå ein fisk som nesten var like stor som meg.

6. klasse ved Ogna skule er vinnarar av skrivekonkurransen til Framtida Junior om sommarfavorittar.

Her er det Hilde og vennane hennar plar å hoppa i Ognaelva. Foto: Privat