11 tips til kjekke ting å gjere i sommarferien

Alisia (12) frå Ogna kjem med 11 tips til kjekke sommaraktivitetar.

  1. Bade: Fordi du blir kjølt ned når du badar.
  2. Utespel: Fordi det er gildt når du ikkje har noko og gjere. Du kan gjere det med vener og familie.
  3. Reise på hytta: Fordi då kan eg køyre båt og sola meg.
  4. Reise på ferie: Fordi det er veldig gildt og reisa på ferie fordi du kan gå nye plassar og det synest eg er gildt.
  5. Badeland: Fordi badeland er veldig gildt fordi det er sklier og basseng.
  6. Fange krabber: Det er gildt å fange krabber fordi då kan eg holde dei, og dei er søte.
  7. Bade i basseng: Fordi basseng er veldig godt, fordi når eg blir varm kan eg berre hoppe uti og bli kjølt ned.
  8. Vera ilag med venner: Å ha lag i venner er gildt fordi da har eg noko å gjere.
  9. Vera på stranda seint om kvelden: Eg synest det er fint med solnedgang.
  10. Laga god drikke: Det kan vere veldig godt med og lage drikke, for det er veldig godt i varmen og smakar godt.
  11. Ha overnatting: Ha overnatting er gildt fordi då har du nokon og ha lag med.

 

6. klasse ved Ogna skule er vinnarar av skrivekonkurransen til Framtida Junior om sommarfavorittar.