Favorittplassen min

Litt oppe i skogen ved bekken er det ei grop. Der er favorittplassen min. Seint på sommaren er det blåbær der. 

Om sommaren skin sola inn gjennom bladverket. Og det susar frå bekken. Då liker eg å sitje der og lese, skrive eller høyre lydbok. Der er eg i fred og ingen forstyrrar – og fantasien kan løpe løpsk!

Det er fint og akkurat der er det eit lite fall i bekken. Plassen er heilt skjerma, for det er ormegras og planter rundt heile. Så plassen er vanskeleg å finne. Og i midten er det ein stein eg likar å sitje på. Rundt den er det småstein. Litt ute i bekken er det ein flat stein som det er fint å stå på. Her er det ein minikulp. Det er på ein måte ei lita trapp ned. Den er av stein. Her forsvinn alle bekymringar. Viss eg er sint eller lei meg, kan eg gå opp dit og alt forsvinn.

Det er berre meg, historier og fantasien! Eg fann denne plassen ein gong eg var lei meg. Eg gjekk i skogen for å vere i fred. Og der ved bekken, bak ein stein, var denne litle plassen. Den blei min hemmelege stad. Det er mange vegar opp. Nokre vanskelege, andre lette. Det er vanskeleg å finne plassen viss du ikkje kan vegen eller veit om min litle stad.

Denne teksten blei kåra til vinnar av skrivekonkurransen til Framtida Junior om sommarfavorittar i konkurranse med over 150 andre bidrag frå heile landet.