Eit nytt, godt bevart, fossil av ein archaeopteryx er blitt studert av forskarar. Det skriv Ung Forskning.
Dinosauren i seg sjølv er ikkje ny. Det første fossilet av han dukka opp for over 160 år sidan.

På storleik med ei due
Når ein snakkar om dinosaurar, kan det fort dukke opp bilete av ein tyrannosaurus rex eller ein brachiosaurus, som begge er svære dinosaurar. Kor ofte dukkar det opp ein liten, fjørkledd dinosaur på storleik med ei due?
Så lite er dinosaurfossilet forskarane ved Field Museum i Chicago har studert. Det er det minste fossilet dei har funne av archaeopteryx-arta.
Venger dekka med fjør
Archaeopteryx er ikkje den einaste dinosauren med fjør, men dei fleste andre dinosaurar med fjør har ikkje hatt dei rette fjørene – dei som er lange og tette, og kan bere kroppen. Det gjer at vengene ikkje får motstand nok i lufta, og ein kan ikkje fly.
– Archaeopteryx er ikkje den første dinosauren som hadde fjør, eller den første som hadde venger. Men vi trur det er den tidlegaste kjende dinosauren som kunne bruke fjørene sine til å fly, seier forskar Jingmai O’Connor i ei pressemelding frå museet.

Til The New York Times, fortel Jingmai at archaeopteryx sine klør gjer det godt mogleg at dinosauren føretrekte å springe på bakken, men kunne fly eller sveve over korte distansar.
Fuglar nedstamma frå dinosaurane
Archaeopteryx blir kalla for urfuglen, fordi han har mykje informasjon om korleis fuglar utvikla seg frå dinosaurar.
Det er brei einigheit i vitskapen om at fuglar er nedstamma frå dinosaurane, fordi skjeletta deira har mange likskapar.
Gjennom vengene og fjørene til archaeopteryx får vi endå sterkare stadfesting av denne teorien.
– Denne arta kjem til å halde meg opptatt i årevis, seier Jingmai til The New York Times.