Tenk deg at du blir teken frå heimen din og sendt langt vekk, utan å vita kvar du skal. Slik var det for mange lemurar og skjelpadder frå øya Madagaskar. Dyra vart fanga av menneske som ville selja dei som kjæledyr, og smugla bort til Thailand i mørke kassar. Men heldigvis vart dei redda, skriv Verdens Beste Nyheter.

I mai i fjor stoppa politiet i Thailand ein gjeng smuglarar som prøvde å selja lemurar og skjelpadder ulovleg. Politiet redda nesten 1000 dyr.
Dyra var trøytte, redde og sjuke. Nokre var så svake at dei ikkje klarte seg, men dei fleste vart tekne godt vare på. Dyra fekk flytta inn på ein trygg plass for ville dyr utanfor byen Bangkok. Der fekk dei mat, medisinar og kvile. I sju månader vart dei passa på av dyrepassarar som visste akkurat kva dei trong. I desember fekk dyra reisa heim til Madagaskar med fly. Dei vart delt inn i grupper og sende heim over tre reiser. No bur dei i eit trygt naturreservat på øya, og snart skal dei få sleppa heilt fri.

Blant dyra var:
- 16 ringhalelemurar
- 31 brune lemurar
- 155 stråleskjelpadder
- 758 edderkoppskjelpadder
Dei fleste av desse dyra finst berre på Madagaskar, og dei er utryddingstrua. Det betyr at det ikkje finst mange igjen av dei i verda.
Kvifor blir dyr smugla?
Nokon menneske vil gjerne ha sjeldne dyr som kjæledyr, sjølv om det er ulovleg. Dei betaler mykje pengar for det. Det gjer at dyresmuglarar prøver å tena pengar på å stela dyr frå naturen.
Men når dyra blir tatt ut av naturen, kan dei bli sjuke og døy. Og om mange dyr blir borte, kan naturen bli øydelagt.
Ein stor og viktig redningsaksjon
Det var mange som hjelpte til for å få dyra heim. Politiet, dyrevernorganisasjonar, FN, og selskap som Airlink og Qatar Airways jobba saman. Flyselskapa frakta dyra tilbake heilt gratis.
– Me betraktar det som ein historisk aksjon i kampen mot den globale handelen av ville dyr ettersom det har vore usedvanleg mange internasjonale aktørar involvert og me har klart å redda veldig mange dyr, seier Giovanni Broussard til Verdens Beste Nyheter. Han jobbar i FN med å stoppa ulovleg dyrehandel.
