Truga elefant gjer ein superviktig jobb for klimaet

Dei afrikanske skogselefantane sin gartnerinnsats i skogen er svært verdifull for klimaet. Men, no står elefantene i fare for å døy ut.

Det finst to artar afrikanske elefantar som lever i dag. Det er afrikansk skogselefant og afrikansk savanneelefant.

Begge artane er utrydningstrua – men verst ser det ut for skogselefanten, ifølgje forskarar frå Frankrike og USA.

Samtidig som det skjer mykje ulovleg jakt, tek menneske også meir plass, skriv Ung.Forskning.no.

– Viss me mistar skogselefantane, er det ikkje bra når me skal få bukt med klimaendringane, seier forskar Stephen Blake i ei pressemelding.

Men, korleis hjelper elefantane klimaet?

I skogen der elefantane bur veks både lette tre og tunge tre. Dei lette trea veks fort. Dei tunge bruker lengre tid.

Dei lette trea har låg karbontettleik. Dei tunge har høg. Trea med høg karbontettleik lagrar mest karbon. Når mykje karbon er lagra i tre, blir det samtidig mindre CO2 i lufta. Det meiner forskarar må til for å unngå at kloden vår blir for varm.

Skogselefantene er glade i lauv frå trea. Stort sett et dei frå trea som veks fort, fann forskarane i studien. Det gjer at trea som treng meir tid til å veksa, får meir lys og næring.

Spreier frø

I tillegg gjer elefantane ein viktig jobb med å spreia trea som forskarane meiner me treng så mange som mogleg av.

Trea produserer nemleg store frukter som elefantane et. Fruktene inneheld frø.

Og når elefantane bæsjar ein annan stad enn der dei åt frukta, kjem frøet like heilt ut og kan bli eit nytt, stort og karbontett tre.

– Elefantane er gartnarane til skogen. Dei plantar tre med høg karbontettleik. Og dei riv opp ugraset, seier Blake.

GIF: Giphy.com